Mine tjenester

Ergoterapi

Ergonomi

Skrivedans

Tilrettelegge bolig

Universell Utforming


Sunnmøre Ergoterapi

Eg starta enkeltføretaket mitt  i 2004.
Eg har arbeidd som ergoterapeut i over 30 år, innan kommune, fylkeskommune, bedriftshelseteneste og helseføretak.

Det har vore innan teneste for eldre og uføre, nevrologiske lidingar, helsevern for menneske med utviklingshemming, verna bustad og arbeid, kommuneergoterapi, bedriftshelseteneste, i Ålesund sjukehus i barnehabilitering og no fysikalsk rehabilitering ("FysMed").

Medan eg jobba som kommuneergoterapeut starta eg firmaet mitt, og har der hovudsakleg hatt saker frå NAV; såkalla arbeidsplassvurderingar, Skrivedans i barneskolen, og tilretteleggingar i bustad og arbeidsplass. Etter kvart har oppdraga auka både i omfang og type saker. Sjå faner.


Ergonomi

Eg tar oppdrag både frå NAV og frå bedrifter. Eg er godkjend til å ta arbeidsplassvurderinger sidan jan 05.

Arbeidsplassvurderinger er eit viktig verktøy NAV brukar i høve sjukmeldte og dei som er i fare for å bli det. Eg tar også oppdrag frå bedrifter som ønsker ei katlegging av arbeidsmiljøet, og kjem med forbetringar, i samarbeid med den tilsette og leiinga. I tillegg har eg hatt undervisning i ergonomi og i løfteteknikk, tilpassa den enkelte arbeidsplass eller skoleklasse.

Etter at eg har jobba i bedriftshelsetenesta, har dette blitt ein stor del av oopdraga mine. Eg tar oppdrag frå hele Sunnmøre.


Skrivedans og finmotorikk


Eg har gått 3 kurs i Skrivedans frå 2000 og seinare, og har dreve med dette sidan starten av firmaet. Kursa har vore med bl.a. ho som uttvikla metoden, Ragnhild Oussoren Vors.

Skrivedans er ein metode som kombinerer musikk og rytme med grovmotoriske rørsler og finmotoriske øvingar. Det er lagt opp med 9 veke-tema og tre testar, der eg presenterer nytt tema kvar veke, og testar før midt i og til slutt. Det er naturleg å bruke ca eit halvår på dette, og testane vil vise utviklinga på barna frå start til slutt.

Eg var den første frå Sunnmøre som starta med skrivedans. Det har vore eit takknemleg tilbod og svært populært blant både elevar og lærarar. Eg har hatt skrivedans på ca 10 skolar og i fire barnehagar. Eg har også halde dagskurs for personalet i ein barnehage.

Eg har jobba mykje med barn, og får oppdrag i høve finmotorikk i høve vanskar barn og ungdom. Ofte i kombinasjon med andre problemstillingar som ADHD, dyspraksi, DCD mm.

Dei siste 5 åra på FysMed har gitt meg mykje erfaring i trening i finmotorikk også for voksne.


Tilrettelegge bolig


Mange får problem med bustaden sin når alder eller handikapp gjev nedsett funksjon. Då er det er viktig å gjere dei rette tiltaka, slik at slike endringane blir så funksjonelle som muleg, og ikkje for dyre. Det finst også støttetiltak og ordningar som er viktig å kjenne til.

Som kommuneergoterapeut i over 15 år, har eg mykje erfaring på dette feltet, og kjenner godt til dei ulike ordningane og kva som kan søkast på og kva som er muleg å få til, utan at det blir for dyrt. Feks kan honararet til meg dekkast av slike midler.


Universell utforming


Det har dei siste åra vore pålegg om Universell Utforming (UU) av alle offentlege bygg og uteområde i Norge. Dette er eit tema eg har undervist i, og kan gje råd om. Eg har også delteke i mange arbeidsgrupper for offentlege bygg, og er godt inne i tematikken rundt dette.

I 2018 kartla eg turvegar, badeplassar og leikeplassar på oppdrag frå Ålesund kommune (via Folkehelsekoordinator) i høve UU og tilgjengelegheit for alle.

Tlf.: (+47) 48 21 71 17
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang